Ny side: Oldenborg3.com

onsdag 5. mars 2014

Lillebror - Minstebror 3-3 (1-1)


Årets fyrste kamp stod på programmet mot sjølvaste andrelaget! Etter to seiere i fjor var det motstandarane som jakta revansj!

Best ut var andrelaget som etter ei god avslutning gjekk opp til 1-0. Oldenborg 3, med oksen fra Grimstad ville det annleis. Buene gjekk på løp, tok imot ballen, runda målvakta og reduserte til 1-1, med ein deilig chip over liggande andrelagspelarar. Dette var også resultatet til pause, egentleg eit greitt resultat, sidan me heva oss etter 1-0 skåringa.

I andre omgang skulle det bli fleire mål, og det var Oldenborg 2 som scora fyrst, etter dårleg markering på corner. Men så starta Ødegård-show! Først klinte han til med utsida fra rundt 27,3 - rett i mål. Litt seinare fekk han avslutta, etter eit fint forarbeid av Øyvind og Buene med ein kald volley. Herleg samspel!

Sjølv om O2 skårte på overtid var det ein artig kamp! Me fekk prøvd formasjonen nok ein gong, og det var mykjee positivt å ta med seg!

Takk for kampen, gutar! Og takk til Oldenborg 2 for nesten i overkant bra matching, og ein tøff, men fair treningskamp.

Ingen kommentarer: