Ny side: Oldenborg3.com

torsdag 29. mai 2014

Bittert gjensyn med dei grøne Ekeberg

Sympatisk gjeng i gårsdagens kamp

Surt poengtap mot dei grøne nok ein gong! Kampen var spennande og utfordrande på fleire måtar. For det fyrste er Ekeberg den interessante blandinga av fotbalbane og gruve - Du kan spele fotball samtidig som det er ein spennande plass å utforske hull og groper. For det andre hadde våre vener i grønt nokre gode spelarar, men hovedutfordringa var å overhøre mindre intelligente kommentarar retta mot dommar eller Oldenborg 3-spelarar. Det kan verke som det grunna i både dårleg sjølvinnsikt, og enda lågare moral. Heldigvis klarte me baneforholda ganske bra, og i tillegg var eit fleirtal av tyrkarane litt ordentlige denna gongen.
Kampen starta bra for Oldenborg. Frå start køyrde me i angrep med deilig assist fra mister Grimstad til Kjelli som banka ballen i mål. Då hadde me spelt i rundt 2 minutter - pangstart!

Diverre heldt det ikkje så lenge, og et litt merkelig mål av Gøy-Nor sørga for balanse. Dette heldt seg ein stund før oksen Øyvind ikkje lét seg be to gonger, og scoret via keeper.
2-1 til pause og optimisme i Oldenborg-leieren!
Andre omgang starta greit, men blei plutselig bedre når luftens baron Preben skåret sitt andre mål på hodet for sesongen!
det føltes et øyeblikk ut som me hadde full kontroll, men dommaren ville det annleis og dømde handball då Sindre brysta ballen (Red. anm. Kva skjer med merkelege straffer på Ekeberg eigentlig, nokon som hugser Joachim sin?). På straffa skåra Gøy-Nor 3-2 og like etter utlikna dei til 3-3 etter nok eit fatalt defensivt spel frå vår side.
Tross skuffelse klarar me likevel å komme til hektene og Gøy-Nor etterlét seg ganske store rom, noko Kjell og Preben visste å utnytte. Med litt hjelp frå linemannen stod det 4-3 like før slutt. Kunne det halde heilt inn?
Nei, det kunne det ikkje. Etter nokre  oldenborgske sleivspark, missar og mindre heldige posisjonsplasseringar klarte dei grøne å skåre - 4-4 - Kjipt, og dommaren blåste i fløyta!

Tusen takk til fansen som dukka opp! Om det ikkje blei seier var det i hvertfall en viss form for underhaldning:)
- Joachim

Ingen kommentarer: